Skriv ut
ml6020 - Takknemlig huldrekone (Barnelinden)
Id:
SIN454
Sted:
Velfjord, Nordland
Informant:
Bina Flønes
Samler:
Knut Strompdal

Gjenta som fekk hulderku

Gjenta som fekk hulderku.

Ei gjenta heldt eingong på å rota opp i gruva, fann so, medan ho heldt på (med) dette, ein liten lapp millom alt det andre skrotet. Då gjenta ottast det var slikt dei underjordiske åtte, so tok ho og hengde det på ei stikka so mykje det ikkje skulde brenna opp. Natte etter drøymde ho, at huldre kom til henne og sa, at etter som ho hadde vore så tilsynleg med det dei underjordiske åtte, at ho hadde hengt opp kluten ho fann, så vilde no huldre gjeva henna ei gåva. Det var barnlinnen deira det ho hadde funne og meint var den kluten, og no skulde ho berre taka det som stod attmed fjøsdøre, sa huldre. Om morgenen gjekk gjenta ut, og då stod det ei ku attmed fjøsdøre. Ho tok og kasta stål over kue, og tok ho for si. Og det vart den gjævaste ku nokon kunde ynsja seg, og ho vart havt i mange år. Men tilsidst vart ho so gamal, at ho laut slaktast. Kvelden føre dagen dei var tenkt slakta kue, so gjekk gjenta til fjøset og sa til kue, at ho hadde vore henne ei god ku; men no laut ho slaktast. Ho gret med ho sa dette til kue. Då dei om morgonen etter kom til fjøset, so var kue borte. Dei underjordiske hadde nok teke henne igjen.


Tekstsignatur:
NFS Knut Strompdal 4, s. 13f