Skriv ut
ml3055 - Trollkjerring blir skadet
Id:
SIN1460
Sted:
Fron, Oppland
Informant:
Ukjent
Samler:
Edvard Grimstad

Marte Holon

Marte Holon

Så ein 70-80 år sia var det ei trollkjering på Holon i Søre Lia. Ho heitte Marte, og var ei av dei verste trollkjeringom på Sør-Fron den tia. Ho hadde både svartbok og trollkatt. Trollkatten er grå og rund som eit garnnysta, og han trillar bortetter marka. Han syg kyrne, og han er inne i husom åt folk og tek rumme og dreg dit han høyrer heime.

----

Så var det ein gong det vart så ille med kyrne på Tofte. Mjølka vart borte, og kyrne var urolege om natta. Utafor fjoset låg det jamnan trollkattspy, så det var greitt å skjøne korleis det hekk i hop. Og da meinte han Hans Tofte på at detta skulle det bli ei råd med, han ville brenne spyet. Så tok han og sanka i hop noko av det og stappa det i ei børsepipe og tetta att. Så fekk han med seg ein kar og gjekk åt smia klokka fire om morgon' og gjorde opp på avlen og la børsepipa borti og drog belgen så det bles godt. Og da var det ikkje lenge før det vart uroleg inni pipun. Det smala og kvein og peip, så det var reint utyleg for dei som sto der. Og best det var, kom ho Marte Holon med stakken på ei oksel. Ho hadde nok ikkje havt stunder til å få han på seg likare. Og det var berre så sveitten rann av ho, da ho kom inn i smia og bad om drikke. Dei hadde late av sitt eige vatn på eit horn, og det flidde dei henne. Så tok Hans svint av seg vinstre skoen og slo til henne over munnen så to tenner datt utur, og blodet rann.

Anten det var ho Marte sjøl, detta, eller det var dubbeltgangaren hennar, er ikkje godt å veta. Men da ho strauk att, skulle ho fara luftvegen over Toftdalen, og da rei ho på ein soplime, og det sto ein gloande fræs etter soplimkvosten.

Det må nok vera sant au, dette, for ho bestemor møtte henne Marte ein gong, og da såg ho det vanta to tenner framatil i munnen hennar.


Tekstsignatur:
NFL 71, s. 60f