Skriv ut
ml5090 - Kone av huldreætt
Id:
SIN395
Sted:
Lofoten, Nordland
Informant:
Ukjent
Samler:
Dagmar Blix

Ein ung bondegut møtte ei fager gjente borti skogen. Det

vart kjærleik og gifting i ein fei, og guten var både glad og

stolt over den ferme og fagre kona si, og støvande flink var

ho og. Ho hadde ei god hand med alt både i hus og fjøs, så dei

hadde lukka med seg i alt og vart velstandsfolk.

Men ein dag ho stod og vaska trebunkane utpå trapphella,

såg mannen ein skimt av ei kurompe som dingla nedom skjørt-

kanten. Då forstod han at han var gift med ei hulder. Han

vart lei og hatisk mot kona si etter den tid, men han sa ingen-

ting om det han hadde sett. Ofte klaga han på alt mulig, han

masa og var reint urimeleg. Men det hendte aldri at ho vart

sinna. Kva han enn sa og gjorde, så var ho alltid blid og

venleg og arbeidde og strevde så trutt.

Så var det ein dag mannen dreiv og hamra og banka på ein

hestesko som var noko skeiv å sjå til. Han fekk det ikkje

skikkeleg til og stod der og erga seg opp og gav vondt frå

seg. Då tok kona hesteskoen ifrå han og strekte han ut som

eit strek. Så bøygde ho han rund og ga han til mannen og sa

at no kunne han prøve om han høvde til hestfoten. Det viste

seg at hesteskoen høvde akkorat. Men mannen vart bleik, då

han såg kor bergsterk ho var, og han lova ved seg sjølv at

han skulle aldri meir plage henne som han så titt hadde

gjort. Ville ho bruke dei svære kreftene sine på han, så vart

det nok synd i han.


Tekstsignatur:
NFL 93, s. 15