Skriv ut
ml5085 - Byttingen
Id:
SIN380
Sted:
Verdal, Nord-Trøndelag
Informant:
Ukjent
Samler:
Anton Røstad

Bytingar

Bytingar.

Det var mykje tale um bytingar i gamle dagar. Var småborn

jamt sjuklege, trudde folk det var trolldom med i spelet. Serleg

tussane var leide til å byta til seg menneskeborn og leggja tus-

seborn i staden. Slike "bytingar" vaks fælt lite. Berre hovudet

vaks og vart til eit stort og stygt gamalmannshovud. Men

kroppen vaks ikkje.

Det var idiotane dei kalla bytingar. Um ein slik byting had-

de det vorte sagt: "­ ­ ­ stakkar han er jordsmetta og,

han." Dei skar hol i ei tuve og smetta barnet igjenom. Denne

jordsmettinga var ei råd som dei prøvde med born som såg ut

til å vera bytingar.

Det var so merkeleg. Ein gong såg dei ein byting som leika

seg. Han snakka og prata som um dei var mange i lag, og han

tedde seg slik at det såg ut som han hadde ein heil flokk leike-

sysken kring seg. Men dei som såg på, kunde ikkje sjå andre

enn han åleine.

Dei kunde elles sjå etter, um eit barn var ein byting eller

ikkje; men då måtte dei laga til noko "einsert" som bytingen

aldri hadde set fyrr. Når so alle var ute, og bytingen var inne

åleine, skulde det visa seg um det verkeleg var ein byting.

Ein stad hadde dei kokt i eit eggeskal og brukt ein humle-

stengel til turu. Då so alle gjekk ut, vann ikkje bytingen halda

seg lenger. Han laut burtåt og sjå. So sa han: "Æ e gammel som

virota. Æ hi set Tydalsskojen sju gong rynny og tri gong

brynny; men aller hi æ set so liten 'n kok åt so stor 'n hop."

Ein annan stad var det ei kjerring som skulde sjå etter um

barnet hennar var ein byting. Julkvelden sette ho på og skulde

koka graut i eit eggeskal. Då høyrde ho det snakka, og ho tykte

plent det kom frå vogga: "Æ e gammel som måsså på rot. Men

aller hi æ set so liten 'n kok åt so stor 'n følkhop."

Dei trudde venteleg at når dei fekk bytingen til å tala slik,

og han med det viste kva kar han var, skulde dei bli kvitt han og

få att rette barnet.


Tekstsignatur:
NFL 25, s. 23f