Skriv ut
AT311 - Risen og de tre søstrene
Id:
EIN108
År:
1872
Sted:
Lister og Mandals Amts høiere Almueskole, Søgne, Vest-Agder
Informant:
Samler:
Karl Førlandsaas

Risen, som ville gifte seg

Det var ein gong ein rise som ville gifte seg, han gjekk då ut i den vide verda for å finne seg ein kjærast. Han bela til kven han møtte, men ingen syntest få nokon kjærleik til han. Han vende då heim att og tenkte ikkje meir på noko giftarmål. I nærleiken av den staden der risen budde, var det også ein bonde som hadde tre døtrer, men inga av desse hadde risen bela til.

Så var det ein sundagsmorgon at den eine av dei skulle av og gjete, med alle dei andre gjekk til kvrkja. Men først måtte ho koke mat til seg og dei andre så han var ferdig når dei kom heim. Ho kokte suppe, men då ho så måtte ut for å sjå kvar kyrne var, hadde risen vore der og ete opp både kjøt og bein og heile suppa hennar. No leid det så langt på dagen at ho måtte sjå og kome av stad med kyrne. Det var varmt solskin og fullt opp av insekt, derfor varde det ikkje lenge før storfeet tok til å bøyke, kvar med sin hale i veret. Ho hadde snart ikkje ei einaste ku.

Ho sprang og leita av alle krefter, og endeleg fann ho dei att under eit stort fjell, der sette ho seg no til å ete middag. Men med ho sat der og åt, kom risen ut av fjellet. «Vil du min kjærast vere, må du mine lyklar bere?» sa risen. «Nei,» svara jenta, ho kunne ikkje ha så fæl ein maim. Risen tok då jenta og drap henne og bar henne inn i fjellet.

Den andre sundagen kom systera hennar under fjellet. Risen gjekk då ned til henne og spurde om ho vil hans kjærast vere, så måtte ho hans lyklar bere? Men heller ikkje ho ville ha han, ho blei då også drepen og slept inn i fjellet.

Den tredje sundagem korn den yngste av systrene deira under fjellet. Risen kom då ut av fjellet, og spurde om ho ville ha han? Jenta skjøna at det var ikkje anna å gjere enn føye seg etter han, og ho svara ja! Deretter fylgde ho han inn i fjellet.

Den andre dagen etter at ho var komen der, ville risen av og hogge ved. Han gav henne lyklane til huset med dei orda at ho måtte sjå i alle roma så nær som i eit lite kammers. Der måtte ho ikkje sjå.

Då no risen var gått, ville ho også sjå i det vesle kammerset, og der låg hennar to systrer, som risen hadde drepe. I romet var det ein liten fugl som song: «Ta på hornet og smør på!" Ho så gjorde, og då fekk båe systrene hennar liv. Då no risen den andre dagen ville til skogen, bad ho han ta med ein sekk til foreldra hennar og be dei til bryllaup. Dette var risen villig til, han tok sekken på ryggen og gjekk sin veg. Men sekken var tung, for jenta hadde putta den eine av systrene sine i han. Endeleg nådde han til den staden der foreldra hennar budde, men huset var så lågt at han ikkje kunne kome inn. Han fann på råd, for det var slagvindauge. Derfor tok han og lukka vindauget opp, kasta sekken inn med dei orda: «Her er ein sekk som svogerdottera di sende, skam ta han kor tung han var, kom til bryllaup.»

Den andre dagen hadde ho ein sekk til som ho ville ha til foreldra sine for, sa ho, det er skikk hjå oss å be tre gonger bryllaup.

Den tredje dagen bad ho han sjølv ta sekken som stod ferdig om eit lite bel. Ho tok eit lauvkjerv og batt eit tørkle om det, og la det i senga si, deretter stappa ho seg sjølv i sekken. Risen tok sekken og gjekk sin veg med han, men då han syntest han var så tung, tenkte han at han ville sjå kva det var i han. Men jenta hadde før sagt at om han såg i sekken, døydde ho. Då han no ville til å løyse på bandet, sa jenta i sekken: «Eg ser, eg ser." Han meinte då at det var ånda hennar som ropte til han, og knytte bandet til att, tok så sekken på ryggen og gjekk sin veg med han. Då han så nådde til svigerforeldra sine, kasta han sekken som vanleg inn gjennom vindauget, med den same bryllaupsbodskapen som førre gongene.

Då han no kom tilbake til fjellet og såg bort i senga, tenkte han det var jenta som låg der, og sa: "Ligg du der, tulla mi!" men då han no kom bort for å kysse henne, blei han så sint då han fekk sjå kva det var, at han sprakk.


Tekstsignatur:
NEB 9, s. 26f