Skriv ut
AT1161 - Kjetta på Dovre
Id:
EIN457
År:
sendt M. Moe 1880
Sted:
Sand, Rogaland
Informant:
Samler:
R. Løland

Randa-kjetta

Det var ein gong på ein gard dei laut røma or husa sine kvar jul. Så hadde dei ein gong ein tenestedreng så baud seg til å vera der jula over og sjå å få skremma huldrene. Då alle var rømde og det tok til å mørkna, tok han ei gryte med bek og sette over varmen så beket vart kokande heitt. Med det same huldrene kom i døra, sprang han opp på randa med bekgryta og sette seg der. Så kom ei heil horg inn døra og tok til å dekka bordet med sølvtøy så det skein av det. Ei hulder gjekk bortunder randa og stod der og gapte og geispa og såg oppi rotet. Men då var kje han så på randa sat, sein til å slå heile den sjodande bekgryta lukst i gapet på huldra, så det saud ned halsen på henne. Då sette ho i å skrika, og på døra bar det med heile horga.

«Har du kjent heitare suppe?» ropte guten etter henne så hadde fått beksturten i halsen, og så kleiv han ned og tok det dei hadde late etter seg.

Andre året og baud denne same drengen seg til å vera heime i jula då alle dei andre rømde. Då gjorde han like eins og sette seg på randa. Då det lei utpå kvelden, kom ei hulder og kikka inn døra og spurde om Randa-kjetta var der i år og.

«Ja, ho er her og har fått sju ungar så er verre enn ho sjøl!» ropte guten.

Då tok huldra ut, og sia kom huldrene aldri meir på den garden.


Tekstsignatur:
NEB 1, s. 82