Skriv ut
AT1161 - Kjetta på Dovre
Id:
EIN456
År:
1913
Sted:
Bygland, Aust-Agder
Informant:
Olav Eivindsson Austad
Samler:
T. Hannaas

Trond

Det var ein gut som kom julaftanskvelden til ein mann og bad om hus.

«Ja,» sa mannen, «du hadde visst skulle fenge hus; men her kjem så mange troll i kveld at me lyt renne sjølve.»

«Åja, men berre eg får hus,» sa guten, «så vil eg liggje likevel.»

«Ja, hus skal du då visst få,» sa mannen. «Og du må ete og drikke så mykje du vil. Men me lyt renne.»

Då dei hadde fare, så sette guten seg innåt bordet til ete og drikke. Då han hadde då det gjort, så kleiv han av oppå tiljene i rotet og la seg der.

Så kjem der inn så mange troll at det var ikkje med måte. Sume var store, og sume små. Og ein var så stor at det var kaldleg, og med ei nos så lang at ho hekk mest nedåt bordet. Han var den høgste, og han skulle sitje i høgsetet.

Så sette dei seg til ete, og så var dei nedi kjellaren etter øl. Så kom dei kvar med sin kopp, og så sa dei:

«Så skjenkjer eg deg, Trond!» «Så skjenkjer eg deg, Trond!»

«Så skjenkjer eg deg, Trond!» sa guten, - så skaut han, og skaut av honom den lange nosa.

Så dei til våle og skrike, og slepe og drage han ut. Då dei kom ut i tunet, har aldri nokon høyrt slik ein vål.

Så ropa det i det hitt fjellet:

«Kva er det for leven de held?»

Så svara dei:

«Storebror Berrfjell har mist nosa si.»

«Ha! ha! ha!» svara dei og lo seg så godt.


Tekstsignatur:
NEB 9, s. 115