Skriv ut
AT122A - Da reven var gjeter
Id:
EIN52
Sted:
Rennesøy, Rogaland
Informant:
Jørgen Austbø
Samler:
T. Mauland

Då reven var gjetar

Det var ein gong ein mann som hadde ei gås og ein ver og ein hest, og desse dyra dreiv han ut i marka. Best som dei då gjekk der, kom det ein rev til dei og sa at nå skulle han vera gjetaren deira. «Vil de følgja meg, så skal eg føra dykk til ein stad som det er godt beite,» sa han.

Dei ville gjerne få noko å eta, og dei følgde reven. Så kom dei i ei li, og der var det gildt med mat. Reven sette seg til å sjå på dyra mens dei åt, og han let dei få metta seg godt opp. Då det lei på ei stund, kom reven til gåsa og gav seg til å røda. Her er nøgda av mat her, let han; men til han var der ingen ting, og han var så svolten. Om han ikkje skulle få ta seg ein bit av henne, så mykje han ikkje heller var fastande? Jau, det var vel ei råd med det, meinte gåsa; men ho laut ut i vatnet og vaska seg først, for ho var så urein på kroppen, sa ho. Men då ho først hadde kome seg utpå vatnet, så kom ho ikkje til lands att.

Då visste reven ikkje anna råd, han laut av til veren. Han jamra for at han var svolten, og han spurde om han ikkje skulle få ta seg eit mål mat av veren, så mykje han ikkje turvte gå der fastande. - Jau, det laut vel bli ei råd med det, meinte veren; men då fekk han begynna framan-til. Reven gjekk då fram til hovudet til veren; men med det same stanga veren til han med dei store horna sine, så reven tvinta bortetter marka.

Så ville reven freista med hesten. Han spurde då like eins, om han skulle få ta seg eit mål mat av han, så mykje han slapp å gå der fastande, mens dei andre fekk metta seg så godt. Jau, han laut vel få det, meinte hesten; men då fekk han ta det attantil. Då gjekk reven attanfor og skulle ta seg ein bit, men då spente hesten til han, så han rulla bortetter vollen, og der vart han liggjande med alle føtene i veret. Han reiste seg aldri meir.


Tekstsignatur:
NEB 1, s. 78