Skriv ut
AT531 - Grimsborken
Id:
EIN262
Sted:
Kvam, Hordaland
Informant:
Samler:
H. O. Opedal

Oskefoten vinn prinsessa og halve riket

Ein mann hadde tre søner, og ein konge hadde ei dotter, ei prinsesse som hadde vorte teken tå ein bergarise.

Så lova kongen at den som kunne råda henne bergor, skulle få halve riket og prinsessa attpå, men ei hard straff skulle koma over den som freista og ikkje vann.

Så lyste dei tre gutane prøva, fyrst den eldste og så melungen, men dei kom ingen veg. Så tenkte Oskefoten at han fekk freista, han då.

Han tok så på ferd, og om kvelden kom han til ein gammal mann og bad om hus for natta. Om morgonen då han skulle fara lenger, sa mannen at han kunne velja mellom eit gammalt asen og ein grus hest, av di han hadde gjort seg så ring og lege hjå han. Guten valde asenet, han.

«Her skal du få ei flaske som kan henda kjem deg til nytte,» sa mannen då dei skildest. Så fekk guten flaska med seg, og dermed tok han på ferd.

Så sa asenet at det var tre skogar dei laut igjennom, ein jarnskog, ein sølvskog og ein gullskog. Og så sa det at han laut vera varsam, så han ikkje braut tå kvister, elles gjekk det gale.

Så tok dei til på jarnskogen. Dermed kom guten til bryta tå ein kvist. Eit bel etter høyrde dei eit fæla bråk, og eit troll med to hovud kom byksande. Så sa asenet åt guten: «Spring no tå ryggen min og set deg på huk under buken min!» Guten så gjorde, og sidan tok han tå flaska og skvette på trollet så det rivna.

Så reid dei lenger; og så vart det ende på skogen. Så spurde asenet om han såg noko.

«Eg tykkjer eg timjar noko bjart langt hegi himmelsynet,» svara guten.

«Det er sølvskogen det,» seier asenet.

Så kom dei fram til sølvskogen. Då sa asenet at guten fekk vera varsam, så han ikkje braut av kvister, og guten lova at han skulle vara seg så godt han kunne. Men fyrst dei hadde ride eit bel, braut han av ein kvist likevel. Best det var, høyrde dei eit fæla ståk, og eit troll med fire hovud kom hivande. Så sa asenet åt guten: «Hopp ned tå ryggen min og set deg på huk under buken min!» Guten så gjorde, og sidan skvette han tå flaska på trollet så det rivna, det og.

Så sa asenet at dei hadde endå att ein skog, og guten sette seg på ryggen og tok til rida. Fyrst dei hadde ride eit bel, spurde asenet om guten såg noko.

«Eg tykkjer eg skrimslar som ein liten ljoske langt, langt borte,» sa guten.

«Det er gullskogen, det,» sa asenet.

Så kom dei fram til gullskogen. Då sa asenet at det var på vona om det gjekk vel, for dette trollet hadde seks hovud. Dei fekk då freista, men han laut vera ovende varsam, så han ikkje braut av noko kvister, og guten lova at han skulle vara seg vel. Men så snart han hadde ride ein mole, kom han til bryta ein liten kvist likevel. Brått høyrde dei bråk og ståk, og trollet kom sendande. Så sa asenet til guten: «Byks ned tå ryggen min og set deg på huk under buken min!»

Guten så gjorde, og i same stunda kom trollet framfor dei. Det var så snytande sinna, og ropa at guten hadde brote kvister or skogen hans, og no skulle han verta drepen. Guten sa ikkje noko til det, men tok fram flaska og skvette utover trollet, og så for det eine hovudet trillande etter hitt, og daudt var det.

Så sa asenet: «No har du vunne over tre store farar, men endå er det ymist att. Med slottet ligg der ein stor drake og held vakt. Klokka tolv i kveld søv draken, og då er det kyrt og stilt. Kunne du då smetta deg innanfor porten, var det ålvel, men vekkjer du draken, er det ute med deg - eller kor er det? Har du att noko på flaska di?»

Guten svara at han hadde ein skvett til. Så batt han asenet og smette seg gjennom porten, og alt var så stilt, så stilt.

Over borggarden låg vegen såleis til at guten laut gå nett framom draken, og han gjekk så stilt, så stilt. Men der kom han til trø på ein kvist, og kvisten spratt opp og datt ned på draken. Han fauk då opp og ville gløypa guten. Så hivde han flaska i gapet hans, og så rivna han.

No låg vegen open for guten, og slottet stod framfor han. Han gjekk gjennom mange portar og mange dører, men alt var så stilt og kyrt, ingen å høyra og ingen å sjå. Inni ein stor sal stod der mange gruse rettar på eit duka bord, men ikkje noko folk til øygna der heller.

Så tenkte guten at prinsessa munde vera i eit rom lenger inne, og let opp dør etter dør. Best som det var, stod han i eit stort og grust rom, men alt var så dimt at han evla ikkje skrimsla noko greileg. Lengst inne i rommet fekk han endeleg stiren på ei seng, og frå senga høyrde han andedrag tå eit menneske som sov. Han tega seg då på tærne hegåt senga - og der ligg prinsessa og søv. Han stod og skoda lenge på henne, og så lutte han seg over henne og ville sjå retteleg vel på henne, og han tykte at noko så vent hadde han aldri sett. Så sveiv det han at det skulle ha vore gildt å fenge kyst henne, men han var mest fælen og. Endeleg vart det så at det bar til, og dermed vakna prinsessa.

Så sa ho: «Nei, er du komen?»

Jau, han var då det, ville freista råda henne bergor, sa han. «Men kor skal me fara åt?» spurde ho.

«Eg har drepe både troll og drake,» sa guten.

«Men det finst andre farar her på slottet,» sa prinsessa. «Inni eit anna rom heng der eit sverd, det er så avleggjeleg stort at du vinn vel ikkje lyfta det. Men eg har ei øskje, og i øskja er det ein salve, og tå den skal du smørja på hendene dine, då vert du så sterk. Så er det ein time midt på natta, då ligg alt og søv her på slottet. Kan du få evle til drepa trollet dette belet, då gjeng alt vel.»

Guten gjekk då inn i rommet som sverdet var i. Han tok i det, men det var så tungt at han greidde ikkje knita det. Så drog han loket tå øskja og smurde seg med salven. Då leda han det så mykje at han fekk det til rugga på veggen. Så smurde han seg med salven endå ein gong. Då letta han det ørlite opp frå nabben, men han greidde ikkje til lyfta det ned. Dermed smurde han hendene tredje venda, og no svinga han sverdet som det skulle ha vore ei svepe.

Så gjekk guten til prinsessa og sa at no kunne han svinga sverdet.

«Då skal du gå attom senga mi og gøyma deg, for rettno rår trollet or,» sa prinsessa.

Så tok det til knaka og knesta rundt ikring slottet, og dei for til vakna alle dei fæle trolla. Best det var, kom det eit troll og gløtte på døra.

«Det kjemar tå kristent folk!» ropa det.

Så spratt guten opp og sprang fram og hogg hovudet tå det. Sidan kom det eine trollet ufjelgare enn hitt, men guten drap dei alle i hop.

«No er det att berre eitt,» sa prinsessa, «det er det trollet som rana meg. Evlar du avloa det og, er det ålvel.»

Så kom det føysande, fælare og kjølslegare enn alle hine, og det var ikkje fritt guten var åt og øgnast.

«Her er det på ågjegn til røda om kristenmannslukt, såleis som her er tilbutt!» ropa det.

Men guten gjorde seg all med, treiv sverdet og tynte det og.

«No er me berga,» sa prinsessa, «sanka no i hop dei dyraste eignene, og så gjeng du ned i stallen og hentar to hestar. På den eine kløvjar du alt sølvet og gullet, og på den andre set du meg,» sa ho.

Guten så gjorde, og sette seg sjølv på asenet, som hadde stått så trutt og venta utfor borgmuren. Dei kom vel heim, og guten fekk prinsessa og halve riket. Dei stelte til bryllaup, og siden vart det stort gjestebod og mykje glede i sju lange og sju breie.


Tekstsignatur:
NEB 4, s. 122ff