Skriv ut
AT328 - Gutten som stjal fra trollet
Id:
EIN145
Sted:
Bru, Rogaland
Informant:
Samler:
T. Mauland

Guten som stal gullhønene og lykta og gullteppet frå huldra

Det var ein gong ei hulder som åtte sju gullhøner og ei gullykt og eit gullteppe.

Så var det ein konge som lyste ut at den som kunne ta desse gullhønene, han skulle få dotter hans. Då var det ein gut som hadde hug til å freista. Han kjøpte seg ei skjeppe med erter og tok med seg eit fiskegarn, og så gjekk han dit som huldra heldt seg. Der strødde han ut erter og kalla på hønene. Då dei kom og pikka på ertene, tok han garnet og sveivla dei inn i, og så for han med hønene; men huldra visste ikkje eit grann om det. Så gjekk han til kongen med hønene og bad om å få kongsdottera, såleis som kongen hadde lova.

Kongen sa at han kunne ikkje få dotter hans utan han kom med gullykta og. Guten gjekk då til huldra ein gong til, han kom der om kvelden, nett i den stunda då huldra gjekk etter vatn. Med ho då stod attmed brunnen og hadde sett lykta frå seg, fekk guten smetta seg attom huldra og gav henne ein støyt så ho for på hovudet ned i brunnen. Så tok han lykta og gjekk til kongen og spurde om han ikkje nå skulle få dottera.

«Ikkje utan du kan koma med gulleplet og,» svara kongen. Då laut guten til huldra endå ein gong. Han hadde ei lang tong med seg, og ville nappa teppet opp gjennom ljoren med huldra låg og sov. Då han så skulle gjera dette, tok han i mist og kneip huldra i nasen. Dermed vakna ho. Ho sprang opp og fekk ta guten, og då kan du tru ho var eitrande harm. Ho spurde berre kva død han helst ville lida. Guten svara at han helst ville eta seg i hel på graut. Det skulle han då få, sa huldra, ho gjekk ut og ville koka grauten.

Med ho var ute, fekk guten laga seg ein stor sekk som han batt på seg framme på bringa. Så skulle han til å eta. Men han ausa berre i sekken, så lenge der var rom. Då la han skeia frå seg, og så sa han:

«Ja, nå lyt eg sprikka; men då kjem det til å verta ein fæl stank, så du er ikkje god til å tola det. Det var visst best at du sveipte meg inn i dette teppet og kasta meg ut før eg sprikk.»

Huldra gjorde då som han hadde sagt; men så snart han var komen ut, slengde han sekken frå seg og sprang sin veg med teppet. Eit bel etter kom huldra ut og fann sekken; men guten såg ho ikkje, og teppet var borte. Då vart ho harm så det hadde skikk. Ho tok ei pipe og saug i, og med det drog ho guten til seg att. Og då slapp han ikkje frå henne meir.


Tekstsignatur:
NEB 1, s. 42f