Skriv ut
AT510AB - Kari Trestakk
Id:
EIN240
År:
1915
Sted:
Sunndal, Møre og Romsdal
Informant:
Lars F. Gravem
Samler:
E. Langset

Blåoksen

På ein gard var det ein gong ei kjerring som hadde ei rettdotter og ei styggdotter. Og der hadde dei ein blå okse.

Styggdottera var ikkje lika. Ho laut vera ute og gjeta krøtera korleis veret var. Men rettdottera fekk sitja heim og ha det godt. Styggmora vart berre trollutare og trollutare. Og til slutt ville ho ikkje eingong ha med henne mat på gjetsleskogen.

Så vart ho så harm. Ho gjekk opp på ein haug og sette seg på ein stein og tok til å gråta.

Så kom blåoksen bortåt ho. Så sa han det, han:

«Ka du gret fær?»

«E gret fær det at dei blir bærre trollåtar og trollåtar med me. Og no får e ikkje mat med me hell. E he ikkje såa med e dag.»

Så sa han det, han:

«Det er ikkje verdt du gret fær di. Det er bærre du tek inn i vingster ørå mi. Der er det ein duk, og han te du ut og breie utover, og da finn du så mykje fin mat og drikk så du træng.»

Slik gjekk det i fleire dager. Så tok dei til å tvila på gale heime. Dei såg ho ville ikkje eta da ho kom heim.

Ein kveld sa dei det:

«E mårgå ska vi slakt blåoksin.»

Og dagen etter det så sette ho seg til å gråta att bortpå den haugen.

Så kom oksen bortåt henne. «Ka du gret fær e dag?» sa han.

«E gret fær di at dæm sa at dæm vil slakt de e mårgå,» sa ho. «Å, det er ikkje vært du gret fær,» sa han. «Det er bærre du kjem oppi fjøset, du, e natt, så ska vi røm.»

Om natta da, så reiste ho oppi fjøset og løyste han ut, og så reiste dei.

Da dei hadde ride langt, så kom dei åt ein massingskog. Så sa han det:

«Her må du sitta ældeles still,» sa han. «Fær dætt det eitt blad tå se skoja, so kjem det eit stort troll med tri hauv og vil ta oss.»

Da dei hadde ride eit stykke inn i skogen, så datt det eit blad i fanget hennar, kor ho passa seg.

Så kom det, trollet. Så bar det i hop med dei. Men til slutt så vann han, oksen, og drap trollet.

Så rei dei eit langt stykke att. Og da kom dei åt ein sølvskog. Og da sa han det, oksen:

«Her må du sitta ældeles role. Fær dætt det eitt blad tå se skoja, så kjem det eit stort troll med seks hauv. Og det bli mykje vær å klar se fær.»

Og ho passa seg alt ho kunne.

Da dei hadde ride eit stykke inn i skogen, så datt det tå eit blad og kom ned i fanget hennar.

Så kom det trollet. Så heldt dei på lenge. Oksen var ikkje god til å vinna på trollet. Men så vann han på det til slutt.

Da måtte blåoksen kvila seg i tre dagar, så nedåtkomen var han. Så bar det i veg att. Og da rei dei langt og lenger enn langt. Så kom dei åt ein gullskog.

«Ja, her må du sitta dørgande still,» sa oksen. «For dett det eitt blad tå se skoja, så kjem det eit troll med ni hauv. Og e veit ikkje om e greie å vinn på di trollet.»

Så kom dei åt gullskogen. Kor ho passa seg, så datt det eit blad tå gullskogen og ned i fanget hennar.

Så kom det trollet som hadde ni hovud.

Så bar det til å stangast med dei. Da dreiv ho tå, styggdottera. Til slutt drap oksen endeleg trollet. Men da var det berre så blodet rann tå han. Da måtte han kvila seg ei vike. Så reiste dei att.

Så kom dei bortpå ei fin slette. Og der var det ein stor stein. Der stod det ein stor stav bortmed steinen. Da sa han det: «No te du ne staven, og så banka du på stein.»

Og da ho gjorde det, vart steinen til ei fin stove.

«No må du ta inn i høgre øra mi,» sa han. «Så finn du ein duk, og han tek du og breie utover, og da finn du mykje gull og sølv og anna stas.»

Og det hadde dei inn i stova. Og så sa han det, oksen:

«E mårgå bli det vel det væst så ha hent. Fær da lyt du hogg hauv tå me,» sa 'a. «Da bli det ein prins tå meg.» Da tok ho til å gråta og ville det ikkje. Men så gjorde ho det lell.

Så vart dei no gifte.


Tekstsignatur:
NEB 11, s. 29ff