Skriv ut
AT580 - Det har ingen nød med den som alle kvinnfolk er glad i
Id:
EIN311
Sted:
Elverum, Hedmark
Informant:
Samler:
Sigurd Nergaard

Dei tri prinsane som fekk kvart sitt ynske.

Det var ein gong ein konge som hadde 3 søner, og so skulde desse prinsane ut og sjaa seg kring i verda. Men fyrr dei drog, skulde dei faa kvart sitt ynske. For det hadde kongen makt aa gi deim, sa han. Men daa laut dei ynskja vitugt, for det var ikkje so visst det vart noko meir aat deim, nære som den eldste daa, for han skulde ha riket. Ja, dei eldste ynskte seg slik rikdom so det var grove tingen; men den yngste, Oskeladden, vilde berre ynskja seg det han, det alle kvinnfolk skulde synast godt um han. «Ja, du er no same tosken som du har vore, du,» sa dei eldste brørne, for dei hadde no aldri anna set enn det lite lønte seg aa staa høgt hos kvinnfolka; men naar han var slik ein tull, fekk han berga seg sjølv. Likevel skulde han daa faa sitja paa vogna med deim naar dei køyrde avstad.

Ja, so køyrde dei langt og lenge, dei to eldste uppi og Oskeladden bakpaa. Ein kveld kom dei aat ein kongsgard og skulde bli der um natta. Dei to eldste gjekk inn; men Oskeladden gjekk aat drengestua og vilde leggja seg der. Men daa fekk gjentone paa garden sjaa han, og so vilde dei han skulde inn han og. «Du er no visst skyld dessa to prinsane, for du er so lik deim,» sa dei. «Aa, eg er no berre ein fatig stakkar som høver best i drengestua, eg,» sa han. Men so kom dronninga og fekk sjaa han, og daa laut han vera med inn, det var ikkje bøn for det. Og daa dei reiste vidare um morgonen, gav ho Oskeladden ein duk som var slik berre han breidde ut han, so vart det framsett all den finaste maten som til var.

So køyrde dei langt og lenge, og ein kveld kom dei aat ein kongsgard att, og med dei andre to gjekk inn aat kongen, gjekk guten aat drengestua. Men so fekk gjentone sjaa han og vilde han skulde bli med inn. Han svara som fyrr, det han høyrde helst til i drengestua, og so gjekk dei inn aat dronninga og tala um det var slik ein ven gut ute i drengestua. Han var so lik desse to prinsane, so han laut vera skyld med deim. No gjekk dronninga sjølv, og daa ho fekk sjaa'n, var det ikkje bøn for det, han laut vera med inn, og han fekk finaste romet og finaste senga aat natta. Daa dei no skulde reisa att um morgonen, fekk Oskeladden ei flaske taa dronninga, og denne flaska var slik ein kunde tappa den finaste vin tur henne so lenge ein vilde, ho vart aldri tom.

So køyrde dei vidare langt og lenge, og ein kveld kom dei aat tridje kongsgarden. Dei to eldste gjekk inn aat kongen, og Oskeladden gjekk aat drengestua. Og so gjekk det likeeins der. Gjentone fekk sjaa'n og tykte so godt um han dei gjekk aat dronninga, og so laut han vera med inn anten han vilde eller ikkje, og finaste romet og finaste senga paa heile kongsgarden fekk han. Daa dei skulde reisa att, fekk han ei gullsaks taa dronninga, og denne saksa var slik han berre kunde klippa ut i lause lufta, so klipte ho ferdige klæde taa alle slag, alt ein berre kunde ynskja seg, og det so fine du alder slikt skulde ha set.

So køyrde dei langt og lenger enn langt, for dei hadde høyrt gjete eit fjorde kongerike, der kongen skulde ha ei styggvakker dotter, og ho skulde faa riket etter far sin, for ho var einaste barnet. No kom dei paa dei skulde prøva seg hos denne prinsessa. Det var daa ikkje meir enn nei aa faa meinte dei, og so drog dei dit. Men no var det slik i dette landet, det ingen fekk koma over landskilet fyrr han hadde lagt stor skatt, og var det nokon som ikkje kunde betala denne skatten, skulde dei setja han ut paa Munkholmen, og det var ein snau holme som laag uti sjøen eit lite stykke fraa kongsgarden.

Daa dei no kom aat vakta, hadde Oskeladden ingen ting aa betala med, og brørne hans vilde ikkje betala for han. Dei hadde vorte avundsjuke paa han etter dei var paa desse kongsgardane. Ja, det var inga raad med det; det bar paa Munkholmen med Oskeladden, og dei to eldste køyrde lukt aat kongsgarden. Dei var der natta over, og so bar dei fram ærendet sitt, fyrst den eldste, og fekk tvert nei, og so den andre. Daa var det berre aa reisa att. Dei fekk vera glade til, tykte dei, naar dei tenkte paa denne tullen som sat paa Munkholmen. Dei fekk no reisa att fri som dei kom, og Oskeladden kunde gjerne vera der ute paa holmen. So reiste dei.

Daa Oskeladden kom paa holmen, fekk han sjaa han ikkje vart aaleine der. Han hadde ikkje fyrr vorte sett til lands, fyrr det møtte upp ein hop holsvoltne stakkarar og tigde og bad. Aatte han Gudslaanet med mat, so laut han dela med deim, for dei heldt paa og svalt livande i hel. Ja, det skulde nok bli raad med mat, sa han, berre han fekk koma seg innpaa holmen. Daa breidde han ut duken, og der vart det framsett mat taa alle slag, alt det dei berre vilde ha. Og dei aat og aat til dei ikkje orka meir. So la dei seg til aa sova.

Fraa kongsgarden fekk dei sjaa det var slikt kalas ute paa holmen, og so sende dei ein vaktmann dit aa sjaa etter kva dei heldt kalas paa. Han kom att og tala um det hadde kome ein ny mann paa holmen, og denne mannen hadde ein duk som var slik han berre breidde ut'n, so vart det framsett mat taa alle slag, alt ein berre vilde ha. «Det skulde vera duk aa ha for meg det,» sa dronninga, «her det fer so mykje folk.» So hadde ho ein til aa ro seg ut aat holmen. Der ropte ho Oskeladden burt aat seg og spurde kva han vilde ha for duken.

«Den kann eg ikkje selja,» sa guten; «men vil du lova aa tala mi sak for kongen det fyrste eg ber han um, so skal du faa duken.»

Ja, det skulde ho so gjerne, for ho var viss paa han vilde be um aa faa sleppa fraa holmen, og ho vilde so svært gjerne hjelpa denne vakre guten med det. So fekk ho duken og drog heim att.

Um morgonen att var dei like svoltne desse fantane paa Munkholmen, og kom aat Oskeladden og vilde faa mat. Ja, no hadde han ikkje meir mat; men han hadde det som var likeso godt, sa han, og so tok han fram flaska og skjenkte alt det dei berre vilde ha. Og dei drakk og drakk og hujde og dansa og lo, so det høyrdest heilt upp paa kongsgarden. Daa sende kongen ein vaktmann ut paa holmen aa sjaa etter kva det var for eit spetakel der. Ja ha, han kom att med den beskjeden det den guten som hadde denna duken, no hadde ei flaske, og den flaska var slik han kunde tappa so mykje vin han berre vilde, og endaa vart ho alder tom. «Den flaska skulde vera bra aa ha,» tenkte kongen, «her det kjem so mykje folk.» Og so fekk han ein mann til aa ro seg utaat holmen.

Der ropte han guten burtaat seg og vilde kjøpa flaska hans. «Flaska kann eg ikkje selja,» sa guten; «men det er det same: Dersom eg faar det fyrste eg ber deg um, skal du faa flaska,» sa han. Ja, det kunde han alltids, tenkte kongen, for han vilde full be um aa faa sleppa fraa holmen, og det kunde han gjerne faa. So lovde han guten dette, og drog aat kongsgarden med flaska.

Um morgonen att var dessa armingane paa holmen baade svoltne og tyrste, og so kom dei aat guten og vilde ha meir «Ja, no har eg ikkje meir taa det slaget; men eg tenkjer det snart skal bli raad for baae slaga,» sa han. So tok han fram gullsaksa si og til aa klippa klæde baade aat deim og seg sjølv, og snart gjekk dei so fine alle saman so det berre skein taa deim. Dette fekk prinsessa sjaa fraa kongsgarden, og so sende ho ein vaktmann dit ut aa sjaa etter kva dette var. Han kom daa att med den beskjeden, det denne guten som hadde duken og flaska, aatte ei gullsaks, og ho var slik han kunde klippa kva slags klæde han ville ha berre ut tur lause lufta. «Den saksa skulle eg ha hug til aa ha,» tenkte prinsessa, og so tok ho ein mann til aa ro seg ut paa holmen. Der ropte ho guten burtaat seg, og han kom so vakker og so fin, ho kunde mest ikkje faa augo taa han. So spurde ho daa kva han vilde ha for saksa. «Saksa kann eg nok ikkje selja; men vil du bli kona mi, so skal du faa henne,» sa han. Dette tykte ho var reint burt i natta og vilde til aa svara brennt nei og; men daa ho saag paa'n, var ho ikkje god til det. «Eg likar deg so godt,» sa ho, «hadde du berre vore taa bra folk.» So tala han um det han var kongsson; men noko rike hadde han ikkje. Di meir dei no talast ved, di meir tykte ho um han, og so vart det til det ho tok han med seg upp paa kongsgarden aat dronninga. Og daa ho fekk vita han var kongsson, tykte ho det ikkje var so reint tur vona med guten til maag, og so bar det til kongen. Ja, han tykte no han burde tenkja paa det fyrst; men so hadde han no lovt guten han skulde faa det fyrste han bad um, og dronninga hekk i ein arm og prinsessa i den andre, og so sa han ja han og. So tok dei gullsaksa og skar fine klæde aat alle paa kongsgarden, og so gjorde dei bryllaup og brukte baade duken og flaska, og alle fangane paa Munkholmen slapp laus og fekk vera med i bryllaupet.


Tekstsignatur:
NFL 7, s. 19ff