Skriv ut
ml5090 - Kone av huldreætt
Id:
SIN396
Sted:
Rollag, Buskerud
Informant:
Samler:
Tov Flatin

Huldrgjentur

Huldrgjentur.

Huldrgjentune var venare enn andre gjentur aa sjaa til,

med langt haar og lange rovur. Dei var klædde i raudt liv og

grøn stakk.

Ein gut skulde til sæters etter kløv og fór framum ei gamall

utlagd sæter. Inni budi fekk 'n høyre slik speling og leven, og

so krabba 'n upp paa take og kikka ned i eit hol. Daa saag 'n

ei ven gjente med krune paa hovude, og rundt ho dansa det

mange andre gjentur med lange rovur. Guten treiv tollekniven

sin og kasta over gjenta. Det vart eit skrik, og burte var dei alle

saman so nær som ho med kruna. Han gjekk inn i budi til ho,

men ho var ikkje so ven lenger. Eit bil etter vart dei gifte, og

ved altare datt rova av ho.

Ei stund livde dei godt og væl forlikte saman; men ein dag

tok dei til aa trette. Daa tok ho ein hestesko og vrei tvert av

framanfyre nasan paa mannen sin. Sea sat det ein kvekk i 'n

so 'n torde ikkje erte ho upp meir.


Tekstsignatur:
NFL 43, s. 88