Skriv ut
ml4055 - Sjøvetter varsler storm
Id:
SIN793
Sted:
Alstahaug, Nordland
Informant:
Johan O. Bruvold
Samler:
Knut Strompdal

Eingong var Petter Kål ute på Skibåtværhavet. Det såg ut te å bli ruskver, og Petter sa dem sku segle på land. Med det same dem ha votte opp segle og sku tak te å segle, så kom det opp ein gubbe til beltes tre gonger. Petter sport ette, om nån ha varvottar med. Jau det var ein som ha. Petter fekk ein og kasta på hav til havmannen. Petter og hans kara kom seg godt i land. Men på dei andre båtane var det berre med nød og neppe dem berga seg. Petter drømte natta ette, at havmannen kom og sa, at votten han fekk vart nytta til å forløys kjerrin til havmannen med.


Tekstsignatur:
NFS Knut Strompdal 6, s. 67