Skriv ut
ml5075 - Flytte fjøset
Id:
SIN357
Sted:
Lofoten, Nordland
Informant:
Ukjent
Samler:
Dagmar Blix

Ein mann på ein gard her ein stad måtte flytte fjøset sitt

tre gonger (sic!) for det var i vegen for dei underjordiske (huldra).

Han kunne ikkje skjøne kva det kom av at krøttera hans

sprakk unna for unna. Så varskudde huldra han ei natt om

at fjøset hans stod rett over matbordet hennes. Mannen tok

då og flytta fjøset eit lite stykke bort. Men endå så døydde

det ein dyret før og det andre etter, støtt drog dei sjølvkre-

perte dyr ned i fjæra, - så var det ein sau eller eit lam, så

var det ein kalv eller endåtil ei ku. Ei natt sa huldra til han

at fjøset hans stod rett over barnvogga hennes, og det rann

så mykje stygt ned på veslebarnet. Jaja, så var det inga anna

råd enn å flytte fjøset enno ein gong, og sidan den tid har både,

han og krøttera fått vere i fred.


Tekstsignatur:
NFL 93, s. 16