Skriv ut
ml4090 - Fossegrimen læremester i felespill
Id:
SIN314
Sted:
Sigdal, Buskerud
Informant:
Ukjent
Samler:
Andreas Mørch

Nykken

Nykken.

Øllenykken bur i øllune der følk tar vatn. Han skulde vera

så huga etter små ungar, sa døm. Han vart hatt som ein

skreme for ungane så døm ikkje gikk til ølla.

Den rette nykken bur i fossane. Han skulde vera så flink

med fela. Det var han som lærte spellemennane å leike. Dei

grommaste spellemennane skulde vøri bortmed fossane og lært.

Det måtte gå for sei på ein viss måte. Ein skulde ta ein kjøtt-

lem og gå til fossen ein torsdagskveld. Det måtte vera ein god

kjøttlem, helst ein saueknoke. Men det kunde ikkje vera ei tå

dei ein hadde på sitt ei'a stabbur. Ein måtte stela det om kvel-

den på ein annan gard. Så gikk ein til fossen og kasta knoka

stad. Ein hadde fela med sei, og sette sei på stranda ved fossen

og strauk på strengane. Den kvelden lærte ein ikkje noko.

Andre torsdagskvelden skulde ein og ha med ei fenaknoke

som ein hadde støli, og kaste stad. Så satt ein ei stund ved

fossen og strauk på fela.

Trea kvelden var det ein skulde få lære. Etter ein hadde

kasta ei ny knoke stad til nykken, kom han opp or fossen og

stilte fela. Og så kom låttane tå sei sjøl. Med ein satt og strauk

og strauk, fekk ein låttane i sei. Ein vart spellemann med ein

gong.

Somme fortalte at nykken skulde koma med fele til ein og.

Men det var vågalt å lære å spella på den måten. Ein

måtte selja sei til den vonde sjølv. Det var ikkje alle som

våga sei til med det. Men den som ein gong hadde lært tå

nykken, kunde stille fela så høgt at strengane flaug for alle

som prøvde til å stille så høgt.

Han Ola Eilivsen Taleshaugen var vel den beste spellemann

oppi bygda for halv hundre år sia. Han hadde lært tå nykken.

Han hadde vøri nordmed Kittilsfossen med fela tre torsdags-

kveldar etter einannan. Da hadde 'n fått lære mykje som ikkje

andre spellemennar kunde. Han hadde mange låttar som ingen

andre spella. Døm hadde han lært tå nykken ved Kittilsfossen.

Han Ola reiste til Amerika.

Han Trond Kringstad hadde lært tå strømgubben. Han satt

mykje i ei bergskorte nedom der den nye Prestfossbrua går.

Der lærte han mykje tå spellinga si. Men så høldt det ikkje

strengar for andre spellemennar som skulde spella i hop med

han Trond. Han stilte så høgt, at skulde døm følgje med han,

så flaug strengan døms. Det var døm ute for nokon ver. Men

for'n Trond høldt døm, om han stilte aldri så høgt.

Nå spella han Ola Nubberud og han Trond Kringstad my-

kje i lag. Det var flinke karar til å leika begge to. Men ein

gong, i eit brølløp på Rolvstad, hadde han Ola sagt det at det

var ikkje nokon sak for han å følgje'n Trond i spellet. Ei tid

etter var døm i et anna lag og spella. Da tok'n Trond til å

stille så fint. Han Ola stilte som 'n Trond, og døm spella så

godt. Det var nok reint rart så fint det let. Men så stilte 'n

Trond opp. Da måtte 'n Ola legge fela. Strengane flaug. For'n

Trond flaug det nok ingen.

Det var så at ikkje alle som prøva til, fekk lære noko.

Det var ein tenestgutt i Foss. Han stal med sei et kjøttlår,

tok med sei fela og gikk nedmed fossen i elva. Han kasta kjøtt-

låret stad og sette sei og strauk på fela si. Detta var ein tors-

dagskveld. Han fornam ikkje noko. Men kjæringa kom ut og

fekk høre det spella nedmed fossen. Ho høldt på å sige ihop

da ho fekk høre det.

Andre kvelden han satt der, kom elva så diger at ho høldt

på å ta han med sei. "Han" viste sei i den skapnaden da. Gut-

ten vart redd og flaug. Han prøvde ikkje til den trea kvelden.

Og det var vel det beste for'n, eller så hadde han nå vøri selt.

Det var ein oppi bygda som hadde støli sei et spikilår da

han skulde stad og lære å spella. Men så syntes han det var

synd å kaste så mykje godt kjøtt til vatnet, og så åt han av

det meste. Beinet hivde han stad til nykken. Da det lei på kvel-

den trea torsdagskvelden, kom nykken til han med fela. Men

så sa han det:

"Du skal lære å stille, men ikkje stryke på

du gav mei et spikilår, men ikkje noko på"

Det vart aldri spellemann tå den gutten.

Je prøvde til og skulde lære å spella ved ein foss. Men je

fekk ikkje tak i noko spikilår. Je sette mei ved fossen lell. Je

hadde med mei ei gammal skarkefele je satt og fila på. Je satt

der to torsdagskveldar. Den trea kvelden sette je mei like ned-

med fossen. Je venta å få sjå noko da. Så visste je ikkje tå

før det kom ei svart katte oppå berget til mei. Da vart je

redd og gikk min veig. Det var nå venteleg ei katte framantil

ein av gardane. Men det såg så rart ut.


Tekstsignatur:
NFL 27, s. 39ff