Skriv ut
ml5090 - Kone av huldreætt
Id:
SIN392
Sted:
Sør-Odal, Hedmark
Informant:
Ukjent
Samler:
Magne Aurom

Huldra

Huldra.

Det var ein gong ein mann som trefte til å få sjå ei hulder,

og noe så vakkert skulle ein leite lenge etter, så mannen vart

reint forgapa i a. Han kom i prat med a, og ville endelig at

ho skulle gifte seg med 'n. Da sa ho at han fekk møte henne

på samma stellet neste torsdagskvelden og kaste stål over a.

Det gjorde mannen, og så var ho hans og vart med 'n heim.

Med tida gikk det ikke betre enn at mannen tok til å drikke

og vart slem mot a. Så ein dag han dreiv i smia og smidde,

kom "kona" og så til 'n. Han dreiv akkurat på med å smi

hesteskor, og greip det gloheite jernet med smitanga. Da spurde

ho hå det var han sto og dakla med. Han svara at det trengte

ikke ho legge nasan sin borti, men se åt å ha seg inn att. Da

greip ho det gloraue jernet med berre nevan og bøygde det ihop

som til ein hestesko. Dermed kasta ho det frå seg og gikk.

Han snudde seg etter a i det samma, og da så han huldrerumpa

nedafor stakk-kanten hennes.


Tekstsignatur:
NFL 48, s. 91f