Under Masstusletta har dei vore ute for ein utbor.
Det same har vore tilfellet på Haugmoen. Dei både såg og høyrde der. Det
var ein liten, naken barnsunge som for vasa og sprang rundt kring ein stein og
ropa: "Fikkjonga! Fikkjonga!" Han fraus på føt'n og bad um å få fotklea.
Dessutan bad han um dåp, denne. Det fekk han og sluttpå.
Det var ein mann nedantil dalen som kom reisande framum. So hadde denne
utboren tedd seg for honom. Mannen visste kva som skulde til der. Men no visste
han ikkje å få forstand på kva slag det var, glunt eller vekje. Og so sa han
under det han gav ungen dåpen: "E døyp de på ei von, Guri eller Jon."
Attpå dette skal det ha vore stilt der ved Haugmoen.