Skriv ut
ml4005 - Hamløper (mannbjørn, varulv)
Id:
SIN166
Sted:
Tresfjord, Møre og Romsdal
Informant:
Ukjent
Samler:
Olav Rekdal

Gråbein-Arne

Gråbein-Arne

Han Gråbein-Arne tente mange år i Tresfjorden, med

'nå Ola Hoem. Sidan skulde han flytte åt Fræna. Dei visste

ikkje kvar han var ifrå. Men det gjekk fullt og fast det

ordet at han var ein varulv - at det hadde vore trolla på

han slik at han til sine tider blei omskapt til ulv. Og då

kunde han vere fårleg både for folk og krøter.

Ein dag han Arne og tenesttausa var ilag på slåtta-

teigen, kjende han at trollskapen heldt på kome over seg.

Og so varskudde han tausa at ho måtte røme opp i eit tre.

Og ho var ikkje før koma opp i treet, førenn han Arne

kasta ljåen og klæda og smatt inn i ein ulveham, tok til å

yle som ein ulv og strauk til skogs.

Om ikkje so lenge kom han att, i menneskeskap, tok på

seg klæda og gav seg til å slå att. Men det var på høg tid

ho kom seg opp i treet, sa han åt tausa - for når han fekk

ulvetimane sine, kunde han ikkje berge seg for å rive

sundt alt levande han kunde nå ti, sa'n.

Etter slike ulvetimar var han bleik og slapp, so det tok

nok hardt på han. Men ellest var han medgjerleg og snild.


Tekstsignatur:
NFL 30, s. 148f