Han skulde blive i Volbufjorden.
På Jørstad i Volbu i Øystre Slidre hende det noko mer-
keleg for lenge, lenge sidan. Tenestguten stod på låven
og treskte ein morgon. Det var endå um vinteren og lenge
før dagen rann. Med ein gong høyrde han det skreik so
stygt burtpå Volbufjord-isen:
"Tie e komi, men ikkji mann'n!"
"Nei, ti stille! E kjem ikkji enno, e!" skreik guten attende.
Hitt året umlag ved same belet sette denne same guten
ned på isen. Då var det so fin skeiseis, og det var fullt
med folk der, vissa to hundre, sa ho bestemor, som har tala
um dette. No var det ei svær råk på isen denne gongen.
Folk ropte til guten og bad han ta seg i vare for råki.
"E ha vel sett råke, e!" sa han.
Men korleis guten tenkte og sa, so gjekk han ned i råki
likevel. Gamle Reiin som var på Veningstad då, var og
med. Dei skulde då freiste få guten uppatt so fort råd var.
Det var ikkje djupare der han då datt nedi, enn dei såg
han vel. Reiin sa då:
"E ska ta tå me gråtrøya mi, e. So stikk e ho ned i høle,
so tek han i ho."
Men den som ikkje tok i trøya, var guten.
Då dei endeleg hadde fått tak i ein båtshake, fekk dei
guten uppatt. Men då var han alt død. Det var nok so laga
at han skulde ryke til på Volbufjorden!