Kom draugen i båten, spådde det feigd. Slo draugen seg ned
i eit båtrom, så skulde det snart koma burt ein mann frå det
romet. Eingong høyrde dei ein draug som rusla framme i båten.
Han kom lenger og lenger attover. For kvart rom sa han: "Her
høv' det 'kje! Her høv' det 'kje!" Så kom han like på agnbiten.
"Her høv' det!" sa han. Då sprang høvesmannen i atterromet
og sette agnsaksa igjenom draugen, så ho stod fast i biten. "Høv'
det for deg, så høv' det for meg og!" sa han. Med det vart
draugen liggjande. Morgonen etter var det ingen draug i båten.
Det sat berre eit stykke brusk fast med kniven i biten.