Skriv ut
ml5010 - Håndhilse på troll
Id:
SIN329
Sted:
Gausdal, Oppland
Informant:
Ukjent
Samler:
O. Svare

Jutulen i Holberget

Jutulen i Holberget

Det var ein gong i jutul som bodde i Holberget i Svatsum. Men han likte ikkje

bruset av elva, og da det vart kyrkje der, så tolde han ikkje høyra

kyrkjeklokkene ringde. Han flytta da til Skreia utmed Mjøsa.

Ein gong ein svatsing reiste utover Mjøsa, tenkte han at han kunde høva

til å råka jutulen og derfor hadde han ein hestesko inn i votten sin, for

jutulen klemde så hardt når han helsa.

Og rett nok; han møtte jutulen og han helsa upp i handa. Da sa jutulen:

"Det finst handfaste folk enda i Gausdal, kjenner eg".

Men da mannen tok hesteskoen ut att var han klemt flat.


Tekstsignatur:
NFS O. Svare s. 4