Skriv ut
AT1186 - Fanden og futen
Id:
EIN467
Sted:
Fyresdal, Telemark
Informant:
Magret Borgjæ
Samler:
H. Ross

Fanden og futen

Fanden og futen fylgdest. «Kor aktast du etter?» sa futen med Fanden.

«Eg vil til der dei gjev meg eitkvart,» sa Fanden.

Så kom dei til ei kjerring som ville jage ei geit utor hagen, der ho gjekk og åt kål. Så banna ho geiti og sa: «Fa'n take denna geiti, er ho nå der?»

«Der gav dei deg noko,» sa futen.

«Det var 'kje av hjarta; ho visste vel at til meir ein bannar geiti, til betre trivst ho,» sa Fa'n.

Så kom dei til ei kjerring som flaug tunet ikring etter ein gutunge som inkje ville inn; så sa ho: «Fa'n take denna gutungen!» sa ho.

«Der fekk du noko!» sa futen.

«Å, det er 'kje av hjarta at mori bannar bånet!»

Så stod mannen i dynni og såg dei koma; så sa han: «Der kjem den Fa'ns futen att og vil plyndre 'kon; Fa'n take 'n!»

«Det var av hjarta,» sa Fanden, og så tok han futen.


Tekstsignatur:
NEB 5, s. 148