Skriv ut
ml3000 - Wittenbergskolen
Id:
SIN191
Sted:
Sunnmøre, Møre og Romsdal
Informant:
Ukjent
Samler:
Moltke Moe

Hr. Jakop

Hr. Jakop

Av alle dei rare prestar som hev voret i Hjørundfjord, er der vist

ingen, som der gjeng so mange forunderlige sagn og historier um, som

hr. Jakop. Kor lenge det er sidan han levede er ingen som veit,

men ein ovliga klok og lærd mann måtte det vera; ja han var enndå

ein av deim, som hadde voret på svarteskulen i Mecklenburg i Tyskland,

og allerede då utmerkte han seg. Avgjerdsli på den skulen var nemlig

slik, at fan sjølv, som naturligvis var lærar, skulde hava ein av

læresveinarne fyre undervisningi og upphaldet måvita, og so skulde

det trekkast lodd um, kven det skulde vera. Denne gongen falt loddet

på hr. Jakop, og dermed var no ingen ting å gjera, han måtte gjiva

seg fan i vold, og inn i ei svarte og myrke stove vart han satt, inntil

fan sjølv kom og hentad honom. - Som det er med alle store autoritetar,

so var det også med fan, han hadde nog for myket å bestella, og soleides

gjekk det til, at hr. Jakop vart sitjendes og venta. No var gode råd

dyre, tenkte han, og mangt og myket hadde han lært, som seinare skulde

koma honom til hjelp, men kunde han no vera karl fyre å snyte fan, so

hadde han gjort nokot, som aldrig hadde voret gjort føyre honom og

knapt verd gjort etter honom helder.

Derpå tok han 4 toleknivar og sette ein i kvar krå i stova, og so

baud han deim å svara kvar sin gong, når fan kom inn for å henta honom.

Dermed tok han til å krabbe upp gjenom skorsteinspipa. Han hadde inkje so

snart begjøynt derpå, før fan kom inn og ropad: "Kvar er du?" "Her er eg",

svarad den eine kniven burte i kråi, og fan av sted men fann inkje hr. Jakop.

So ropad han igjen. "Her er eg", skreik det i andre kråi, og fan til å leita

men ingen fann. Då han fåfengt hadde ropad og leit gjenom heile stova, anede

han tilsist uråd, og upp gjenom skorsteinen foor han. Hr. Jakop var då komen so

høgt, at han hadde fått handfeste uppe på skorsteinen og skulde nettupp svinga

seg upp, men med det same fakkad fan i fotarne hans og vilde draga honom ned

atter. "Tak inkje meg, men tak honom som kjøm etter meg", sagde hr. Jakop. Med

det same såg fan skuggen hans, og so slapp han taket og skulde gripa etter den,

men straks tok hr. Jakop tak med både hender og vippad seg upp or

skorsteinspipa, og der stod han i ljoset og var frelst. Frå den dag var der aldrig skugge frå honom.


Tekstsignatur:
NFS Moltke Moe 42, s. 14ff